Det er ikkje mange her i verda eg har sagt «eg elskar deg» til, men Camalot #3 er ein av dei. Her er historia om da den kamkila blei mitt livs beste match.
KJÆRLIGHETSÆRKLÆRING TIL CAMALOT: Hva skjedde egentlig da Karoline Einang erklærte sin kjærlighet til Black Diamonds kamkile i størrelse tre? Foto: Privat
Lesetid: 4 minutter
Kva er det vi driv med?! Kvifor fisker vi fram kiler og siktar på tynne riss gong på gong, når opplevinga er mest smerte og tårer? Kva er det som gjer at vi utset oss for slik moro som rett og slett er mest ikkje moro?
– Vi pratar for lite om gråt i klatreveggen, seier venninna mi ein kveld vi er samla kring kilter-brettet i Ørsta.
Kilterbrettet vi bannar oss opp på i 40 grader fordi det på 20 grader er for høgt og skummelt å falle frå toppen.
Eg ler litt brydd når eg presenterer nokre av mine eigne prestasjonar på femmartalet med overkamma storeblå og stressa offset-kiler i romperiss. Rockefot og hyperventilering var igjen del av sesongstart på eigne sikringar, men til forskjell frå åra før gret eg ikkje denne gongen.
Eg har felt tårer i Molladalen, på Stetind, på Hallinden, på Kolsås og på Gandalfveggen. Den einaste grunnen til at eg aldri har felt ei tåre på Storen er at eg ikkje har vore der enno. Desse DNA-bevisa eg har markert kring meg med er dei einaste bevisa som finst av kampen, for det blir sjeldan bilete av desse episodene med tårer og snørr. Det er ikkje mange her i verda eg har sagt «eg elskar deg» til, men Camalot #3 er ein av dei. Livets beste match då den smaug seg perfekt inn i risset minst 10 meter over førre sikring langt oppe til fjells (det var sikkert maks to meter over førre sikring, men du veit…).
Kamkiler er sikringsmidler du bruker til naturlige sikrede ruter, til vurdering nytte til fjellklatring og tradklatring. Her er Klatrings favoritter basert på tester av kamkiler fra alle de store produsentene.
Det verste eg veit er når folk seier at dei elskar smerte og ubehag, det høyrer heime i BDSM eller kanskje hos ein personleg trenar på eit eller anna treningssenter. Klatrar vi då ikkje for å ha det kjekt og bra og spanande? Men under fight-or-flight-responsen i kroppen er det vanskeleg å ikkje stilje spørsmål til kvifor i helvette eg står her nok ein gong, når eg då så vitterlig måtte vite kva eg gjekk til. Det må kanskje vere ein del av meg som synest det er alright? Kva er det desse kjensleeksplosjonane gir oss? Lågare utgifter i psykisk helsetjeneste? Kanskje får vi utløp for kjensler, eller er det ein distraksjon frå anna drit som burde handterast?
Klatring er faktor 3-gøy seier LIS-legen som et klatring til frukost, lunsj og middag. Legen forklarar; faktor 1 er gøy, morosamt, rett og slett. Bra greier jamnt over. Faktor 2 er mja, heilt ålright. Humrar kanskje litt, men gløymer det raskt. Faktor 3 er eigentleg mest kjipt og ikkje gøy i det heile. Eg veit ikkje om han har lært dette under medisinstudiet, men klatring er livet og sjeldan gøy. Eller det er sjeldan berre gøy? Er det difor vi møter opp gong på gong? Kanskje håpar vi at neste tur skal bli faktor 1-gøy?
Alle mennesker innehaver en viss grad av frykt. Frykt kan være irrasjonelt, men også nødvendig for å overleve. Det å klatre gir deg en blanding av frykt og glede samtidig, og til tider er følelsene helt i kaos.
Sunnmørsk klatreklubb er 50 år i år (hurra!), og vi feirar med jubileumsmiddag, bileteframvisning og kavalkader. 50 år med klatring i Norges alper; lange anmarsjar, ustabilt vêr og nydeleg utsikt. Og bra klatring og mykje faktor 3-gøy. Men lite gråt, skal ein tru presentasjonane. Barske menn og kvinner har kjempa seg opp og eg lurer; har desse legendene våre vore redde, ukomfortable? Har beina deira rocka og rista på steinen? Eg lurer, har legendene våra også felt tårer på veg opp i det bratte ukjende. Er det kanskje deira tårer vi, klatreklubbens døtre, badar i i Molladalsvatnet småkalde sumardagar.
Vi er beinharde og sterke, sjølv om vi skummar glatt forbi 7ar-rutene i klatreførar for Molladalen. Men før vi skal ut på nye tårevåte klatreeventyr skal vi trene i blinkande tak i ørstahallen, for snøen ligg der oppe framleis. Og her inne i varmen på tjukkasen kan vi dele historiene som gir oss ei blanding av glede og kvalme når vi tenkjer tilbake på dei, ei blanding av stoltheit og redsel, og saman skal vi gru-gle (grue og glede seg) oss til sesongen som kjem og lure på om vi denne sesongen framleis er like tøffe.
Test av klatresko til alle bruksområder: Buldresko, klatresko for dame, barn, erfaren klatrer og nybegynner. Det er en liten jungel å finne riktig klatresko til din fot, klatregrad og ikke minst lommeboka di. Her er guiden til de beste klatreskoene og seks nye tester av sko til fjellklatring.
Her finner du stoff om fjellklatring, klatring i større vegger og flere taulengder.
Allerede abonnent?
Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Klatring,
Fri Flyt, Terrengsykkel, UTE, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder*
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
Billigst
12 måneder*
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper. *Forutsetter bindingstid, og fornyes månedlig etter bindingstiden.
Norsk-klatring.no er skrevet av klatrere for klatrere, og formidler det som rører seg i det norske klatremiljøet. På nettsiden finner du grundige utstyrstester, teknikk—og treningsråd og inspirasjon til din neste klatretur.