Spansk granitt

I 1997 var eg på familietur til Tenerife. Ein dag køyrde virundt heile øya og var innom Santa Cruz. Midt i sentrum– i Jesus frå Nazaretgata – gjekk vi oss på ein klatrebutikk. Og der var den; føraren for det mytiske granittområdet ved Madrid … la Pedriza!

Sist oppdatert: 8. desember 2022 kl 11.00
Tore klatrar Gollum (6a), El Torozo. Foto: Iver Gjelstenli
Tore klatrar Gollum (6a), El Torozo. Foto: Iver Gjelstenli
Lesetid: 4 minutter

Same haust vitja eg Pedriza første gong. Det er eit eventyrlandskap; el Yelmo tronar på toppen av ein 1800 meter høg fjellrygg med sin fantastiske 150-meters sydflanke mot Madrid. Derifrå greiner ryggar med domar, spir, klipper og blokker seg i alle retningar. Innimellom er dalar, kløfter og labyrintar; det minner om Joshua Three i California, berre plassert på eit fjell. Like i nord tronar Guadaramafjella opp til 2500 meters høyde. Klatringa er trad i tyding naturleg- og boltesikra rutar laga nedanfrå og opp. Eg er ingen kløppar i spansk, men meinte «madrilenos» (madriderne, red. anm) snakka om fleire granittområde  i Guaderama- og Gredosfjella. Der skulle vere store, meir alpine områder prega av riss og naturleg sikring. Dei hadde meg på kroken; slikt måtte utforskast! Så her kjem litt info og dei fire ulike granittområder der eg har klatra siste 20 åra:

LA PEDRIZA

Vi samler kreftene på Fri Flyt
I løpet av året legges norsk-klatring.no ned. Vi flytter standplass til friflyt.no, med fullt fokus på bratt friluftsliv. Det meste av tester og reportasjer flyttes til friflyt.no/klatring. Bli med videre!
 

Relaterte artikler

 

Norsk-klatring.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Tore Meirik

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen