Frå sydlege bydelar i Marseille og 15 km austover til Cassis, ligg Parc national des Calanques. Frå innlandet ser vi berre bølgande, skogkledde åsar mot Mont Puget (565 moh) og litt meir klipper mot Sommet de Marseilleveyer (432 moh). På sjøsida ligg eventyret; smale viker og bukter (aka calanques) som skjær seg innover i det drivkvite kalkfjellet. På sidene av desse «calanques» og dalane innom dei, er det veggar og spir opptil 200 meter høge. Grande Chandelle ligg litt tilbaketrekt og tronar som eit vakttårn; synleg frå mest heile området. Ikkje rart dei tok til å klatre her for 130 år sidan! Ein gjeng klatrar frå Molde enda opp her i ’80 etter å ha regna ned frå Chamonix.