Midt i Hjørundfjorden står det. Stålberghornet. Eller Stålberget. For det er verkeleg eit berg. Heilt ulikt resten av dei slanke og spisse sunnmørstindane. Meir som ei solid og uinntakeleg borg. Men med ei lita svakheit i vestmuren. Og ein firkanta kloss på toppen kalla Blåhornet.«Isøkser ja? Og tau? De skal klatre ja? Høgt då?»Det er tidleg føremiddag ved Hjørundfjorden, vi er i ferd med å få ei slags oversikt over utstyret vårt utanfor Bellingen på Sæbø. Det siste vi ventar, er innblanding frå pressa. Men plutseleg og ut av ingenting kjem to journalistar slentrande. «Liggeunderlag ja? De skal overnatte også?» Vi er ikkje det minste interesserte i publisitet og prøvar å snakke oss vekk i runde formuleringar. «Ja, vi tenkte å prøve noko borti stranda her.» «Nei, vi kjem nok ikkje ned igjen i dag.» Redninga kjem i form av ei skipsfløyte – skipperen er lei av å vente og vi får det uvanleg travelt med å kome oss om bord i skyssbåten. Men sjøen er tydelegvis for alle. For akkurat idet båten bakkar ut, hoppar journalistane like godt om bord, dei også.Men plutseleg og ut av ingenting kjem to journalistar slentrande. «Liggeunderlag ja? De skal overnatte også?»Dei får ikkje så mykje ut av oss på turen over Hjørundfjorden, men skal ha for forsøket. Vi pustar letta ut idet vi hoppar på land i fjøra ved Gallesteinane og høyrer båten fjerne seg saman med lyden av kamera på serieopptak. Lav start: Lav start: I fjøra vart vi sette av. Håvard Festø og Ola Vågsholm. Foto: Ståle Johan AklestadTid for å senke skuldrane. Fjellet står over oss som ein vegg, bada i rosa desembersol og dekorert med issøyler. Og mellom søylene ein smal rygg som skal føre oss heilt opp til platået. Vi prøvar å forsikre oss om at vi har med alt: selar, tau, økser, stegjarn, mat. «Du tok med gassen Håvard?» «Ja, kva med gryta?» «Gryta?» Det var umogeleg å tenkje i alt bråket frå journalistane. Vi forbannar ei viss regionavis og tenkjer den tid, den sorg.  «Eg skal berre fylle vatn, så går vi», seier Ola. Vi ser på kvarandre. Det er 21. desember, årets kortaste og sikkert også årets kaldaste dag. Issøylene i veggen over oss heng der av ein grunn. Ola har budd i Tyskland det siste året og er ikkje heilt akklimatisert. Likevel gjer vi eit forsøk litt lenger borte i stranda, utan vidare hell. Alt er beinfrose. Så der står vi altså med to liter vatn, ingenting å smelte snø i, og to dagar med fjell-liv framfor oss. Den tid, den sorg.Det bær raskt til fjells. Snart ligg Hjørundfjorden djupt under oss, og vi er omgjevne av bratte fjellveggar og glitrande is på alle sider. Men det er altså årets kortaste dag. Og i det vi forlét ryggen og kryssar inn i ei renne like under toppen, byrjar det å skumre. Vi når platået i lyset frå lyktene medan stjerne langsamt kjem til syne over oss.  LES OGSÅ: Med kurs mot Hurrungane Kort desemberdag: Den siste hindringa på ruta frå fjorden til platået på Stålberghornet. Foto: Ståle Johan AklestadKor lenge tek det å smelte ein og ein halv liter vatn i ein vaselinboks? Svar: ein desemberkveld. Det er Ola som til slutt bergar oss. Etter fleire mislukka forsøk på å smelte vatn i alt frå plastflasker til sokkar er vi i ferd med å gje opp og innstille oss på frysetørka torskepulver med snø til middag. Det er då Ola fiskar vaselinboksen opp frå lomma. Heldigvis har vi kvelden framføre oss.«Dette er altså slutten. Her endar det.»Eg tek litt fri frå snøsmeltinga og går ein tur ut. Teltet ligg heilt på kanten av stupet med utsikt til alle sider. Det kjende fjellandskapet rundt fjorden verkar nesten overjordisk i lyset frå månen, og det lyser truande bak fjella i nord, der ligg Mordor, eller Ålesund, som byen også vert kalla. Eg ser meg rundt og let dette landskapet fylle meg, som for siste gong. Det er ei verdig avslutning. Den siste dagen i kalenderen til det gamle Mayariket. Eg trøystar meg med at om alt skulle rase, må Stålberget bli det siste som fell.LES OGSÅ: Klart for Brattkort.NO Dette er altså slutten. Her endar det: Siste dag i Mayakalenderen på toppen av Stålberghornet. Foto: Ståle Johan AklestadHåvard er først oppe. «Velkomne til den nye verda!» seier han og ristar liv i oss.Og det er verkeleg tidenes morgon. Alt er rosa og blått. Slogen står der framleis, stolt og kneisande i morgonlyset. Stjernene står bleike på vesthimmelen, og teltet vårt lyser i daggryet. Vi tippar at det ikkje har stått telt her oppe før, i alle fall er vi dei første i denne nye tidsalderen. Men same kor godt teltet tek seg ut i morgonenlyset - det er ingen tvil om dagens program, vi riv leiren og set kursen mot Blåhornet.«Treng de litt torskepulver?» Eg ligg litt føre dei andre opp ein uendeleg lang snøbakke mot toppen av Konehornet. Dette er grunnen til at Stålberghornet er så sjeldan besøkt: den enklaste vegen går over eit anna fjell.Eg vinn stein-saks-papir-kampen om den spisse enden av tauet. Dermed må Ola og Håvard fint pakke seg inn i dunjakkene og vente i skaret. Klatringa er lett, om lag ei halv taulengd, men vi er ikkje så erfarne vinterklatrarar nokon av oss, og litt frosen mose bergar oss, perfekt plasset i cruxet. Vi går dei siste metrane usikra, og snart står vi på toppen. Ingen av oss har vore her før. Kanskje har ingen vore her i det heile før på vinterstid, i alle fall ikkje så vidt vi veit. Det kjennest smått historisk i eiga heimbygd, sjølv om grunnen til at denne klossen har fått stå her i fred, er innlysande: ingen har nok teke seg bryet med å frakte klatreutstyr heile denne vegen for tre flytt som krev sikring.LES OGSÅ: Anbefaler disse turene i Sunnmørsalpene Jomfrueleg: Nokre meter klatring som truleg ingen før oss hadde teke seg bryet med å gjere vinterstid. Foto: Ståle Johan Aklestad«Treng de litt torskepulver?» Eg ligg litt føre dei andre opp ein uendeleg lang snøbakke mot toppen av Konehornet. Dette er grunnen til at Stålberghornet er så sjeldan besøkt: den enklaste vegen går over eit anna fjell. Vi har ikkje drukke sidan den halve literen til frukost, det gjer nok sitt på tempoet også. Heldigvis kjem vi oss eit godt stykke ned mot Konedalen før det er heilt mørkt. Der treff vi råsa til Jakta, ho er delvis islagd med litt snø på toppen, akkurat nok til at vi aldri veit om det er is eller stein vi trakkar på. Så då lyktene våre etter kvart sluttar å verke, ei etter ei, bevegar vi oss til slutt nedover som trolla på Hedalskogen, med ei lykt som auge for førstemann, medan vi prøvar halde oss fast i trea langs råsa og hallusinerer om juleribbe, juleøl og rennande vatn.  LES OGSÅ: Alt om sikkerhet Toppbildet: Det er lov å posere etter ei første vinterbestigning. Foto: Ståle Johan Aklestad Ned igjen: Ola Vågsholm på rapell frå Blåhornet. Foto: Ståle Johan AklestadOg truleg er det nettopp troll vi ser ut som der vi kjem krypande ut frå skogen, blenda av lyset frå eit par billykter. Logistikk har vi ikkje ofra ein tanke, og har ingen plan for å kome oss til ferjekaia. Difor er vi svært overraska idet ei blid og smilande dame frå Øye stig ut av bilen som vi har sett stå og vente ved foten av fjellet ei stund. Ryktet har visst gått før oss, og folk har fylgt med på lysa våre frå bygda. «Kva slags brus vil de ha?» spør ho då vi har fått baksa oss inn i baksetet. Vi trur knapt det vi høyrer. Dette er julaftan. «Slik rennande, kjem det som eit djupt stønn frå Ola. Og med ei stor flaske julebrus og overaust av klemmar set ho oss av på Lekneset der vi synk saman på venterommet.  Ingen av oss bevegar oss meir enn absolutt naudsynt dei neste dagane. Håvard køyrer til Vatne den same kvelden for å delta Festø-familien si julefeiring på hytta, eit tredagar langt måltid utan pausar. Ola set til livs uante mengder pinnekjøt og kilovis av landets beste leverpostei heime hjå mor i Volda. Og eg må stadig kaste eit blikk over fjorden desse juledagane på Sæbø innimellom måltida. For der ligg det. Stålberget. Festninga som likevel ikkje er heilt uinntakeleg. Med ei perfekt svakheit i vestmuren. Og nokre ferske merker av stålklør i litt frosen mose like under toppen.LES OGSÅ: UTEs test av fjellbukserLES OGSÅ: Slik tenner du bålLES OGSÅ: UTEs tips og råd til friluftslivet