Iver gjekk bre- og klatrekurs i regi av DNT og vart raskt ein del av klatremiljøet i Molde da han flytta dit tidleg ‘70-tal. 

Romsdalsklatrarane var ein mangslungen gjeng. Nokre veteranar frå Randers-Heen tida klatra enno. Oskar Mork var inspirert av arbeidarklasseklatrarane frå Peak District. Lars Stendal kom sentralt frå Tindegruppa NTH. Så var der nokre tenåringrar frå ‘Nes som saug til seg alt som nytt var! Denne mixen – og stor toleranse – var ein kreativ smeltedigel som førte til mykje klatreglede! Eg kom til Molde i ‘78, tok kontakt med Iver og vart virvla inn i både klatring og kvardagsliv.