Eikesdal I Møre og Romsdal er et veldig godt utgangspunkt for isklatring. Mange korte og lange linjer ligger og lokkar med si grønblåe farge.

MYE O VELGE I: Fine isforhold i Eikesdalen i Møre og Romsdal. Foto: Bjørn Magne Øverås
Dalføret Eikesdal og Eresfjord har tilsaman 63 registrerte islinjer som er klatra. Og det finst mange andre linjer som framleis er uklatra.
Fleire av linjene for isklatring som har feita seg opp no i vinter ligger også med korte anmarsjar. For eksempel området mellom Sæter og Finnset i Eikesdal. Her er det fleire ruter rundt grad WI3 og WI4. Den aller enklaste er Breimegå på Finnset. Der ligg isen rett attmed vegen. Retur på alle desse er enklast via skogen på sia.
Se fullstendig ruteoversikt nederst i artikkelen!
Kvennjabekken har også kort anmarsj og har hatt fleire besøk i vinter. Eit flott gjel med med 4 taulengder is. Her er nok abalakov den greiaste retur.

Kvennjabekken. Foto: Privat
Tyvikgrova (28) ligg på venstre hand med det same du kjem til Eikesdal.
Mange steder i landet har fine isforhold; sjekk våre rapporter fra Nordland og Sør-Troms, Oppdal og Drivdalen, Rjukan og Andersnatten! I Hemsedal har det kommet en del snø siden denne artikkelen ble skrevet, men det fins nok is der og.
Av dei lengre islinjene er det Ytste Mardøla som utmerkar seg no om dagen med feit is og 9 taulengder. Naboen og den majestetiske Mardalsfossen har for tida litt for lite is.

Bjørn Magne Øverås leder. Foto: Privat
Men Rangåa (36) med sine 10 taulengder pluss noen hundre meter snørenne har brukbare forhold. Denne linja ser du tydeleg frå hovedbebyggelsen Utigard og Oppigard i Eikesdal.
Innom Finnset ligg det også fleire lengre ruter, blant anna Brudesløret eller Slettabekken. Den mest fotogene der er likevel «Gul-isen» eller Fifty Dollar Kingkrab som Inez Papert døpte linja då ho klatra den i 2012.
Elles er det fin is i Kjøtåa (34), Inste Strandkolvisen (33), Ytste Strandkolvisen (28) og Fagerbotnisen (21) for å nemne nokon.

Ytre Strandklovisen. Foto: Bjørn Magne Øverås
Isklatringa i Eikesdal og Eresfjord starta i 1980 og framover 1990-tallet. Det var likevel Joakim G. Eide og Kristian Brønstad som vinteren 2010 virkeleg satte Eikesdal på iskartet då dei klatra eit titals nye islinjer.
Men for den ihuga er det også fleire uklatra linjer i området. Så her er det fritt fram!
For dei som vil sette av noen dagar eller ta seg ein helgatur er det fleire som har hytteutleige i Eikesdal og Eresfjord. Uansett, is er ferskvare. Det gjeld å slå til mens den er der. Ver og temperatur kan fort endre forholda.

isklatring eresfjord

isklatring eikesdal

isklatring eikesdal

isklatring eikesdal

isklatring eeikesdal