Innan klatring har vi slapp begrepsbruk – noko som ofte fører til forbisnakking. Eg ser ingen veg utanom målretta arbeid mot felles begrep som er forankra i fellesskapet, og i nær og fjern historie. Difor mitt bidrag:

Klatring er (forsøk) på bratt bevegelse frå A til B – utan formelle reglar, rangering og dømming (1).

Stil er vekta metoder for korleis aktiviteten vert utført (2)

   – Korleis vart ruta frå A til B etablert; 

  •       nedanfrå/ovanfrå
  •       kontinuerleg/ ‘beleira
  •       naturleg sikra/mix/fullbolta

   – Korleis klatra eg ruta frå A til B; 

  •       fri/teknisk
  •       på blikk/utan fall/med fall/med kvile
  •       sikra på led/presikra

Verdiar av meir allmenn art er knytt til aktiviteten; det engelske «sportsmanship» og miljøomsyn (3).

Mine tankar

Eg høyrer ofte utsegner som: «Eg kom opp ruta, men har ikkje klatra den». Om dette vert sagt utan referanse til stil, gjev det ikkje meining. Det er stilen som beskriv dine premissar for di klatring. Når du vedkjenner deg ein stil, kan prestasjonen vurderast i høve til denne. Sidan stil er vekta i spennet frå god til dårleg (frå venstre mot høgre i lista), kan ein vurdere bestigningar av same rute opp mot kvarandre. God stil er å halde talet på innsatsfaktorar (forsøk, tid, utstyr) lavt for å la resultatet vere uvisst, og graden av «eventyr» høgt. Sidan stil ikkje er sjølve klatringa, kan du klatre same rute og forbetre stilen over tid. Tommy Caldwell og Kevin Jørgensen laga sin eigen stil før dei starta siste støt opp Dawn Wall; dei kalla den «Team Free» (4), og var deira målestokk for om dei lykkast. Klatregleda vil auke ved å endre utsegna til: «Eg kom opp ruta og har klatra den, men med [slik&slik] stil».

Stil ved etablering av nye ruter har til alle tider og alle stadar, hatt sterk lokal forankring. I Elbsandstein er boltar OK om plassert nedanfrå, for hand, ikkje ved riss og ikkje for tett. På Grit er det berre naturleg sikring som gjeld. På granitt i California er boltar OK for å linke saman riss, men berre plassert nedanfrå. I Alpane lever fleire stilar parallelt: lange og flotte ruter med stil som i California (M. Piola og brødrene Remy), men også nye ruter med boltar like ved riss og gamle ruter som vert retrobolta (og vel så det). Omfanget har vorte så stort at UIAA er uroa for at områder for naturleg sikra klatring vert for lite. UIAA brukar både stil og verdiar i sine argument, men målet er å verne om nokre områder som kan vere arena for det dei kallar «adventure climbing». Så langt eg forstår er den norske debatten om boltar i fjellet ein avleggar av dette.

I «sportsmanship» er det å vere ein «good sport» det høgste heidersteikn; vere ærleg, vise respekt for motstandar og utfordring – og ikkje minst ta både medgang og motgang med verdig ro. Sosiale medium har senka terskelen for å uttale seg i det offentlege rom; det å ikkje sjå, høyre eller lukte den andre part gjer vegen til enter-knappen kort. Uansett fora ligg det i «sportsmanship» å gå etter ballen og ikkje mannen. Sidan klatrarar er like ulike som folket ellers, ser eg ingen grunn til at klatrarar og deira organisasjonar skal bruke tid og krefter på verdiarbeid utover det som ligg i sportsmanship.

(1) P. W. Zapffe (Hvad er Tindesport, 1933)

(2) L. Tajeda Flores (Games Climbers Play, 1967). R. Robins (Basic Rockcraft, 1971), T. Higgins (Tricksters and Traditionalists, 1984)

(3) Y. Chouinard/D. Robinson (Clean Climbing, 1972), UIAA (To Bolt Or Not To Be, 1998, Recommendations on the Preservation of Natural Rock for Adventure Climbing, 1914)

(4) Rock & Ice (Dawn Wall special edition, 14)