Når det kjem til spørsmålet om kva tid eg starta å klatre, kan eg vel på eitt vis syne til Arne Næss sr, og seie at eg eigentleg aldri slutta – oppvaksen som eg er med ein klatreglad far mellom tindar og pinaklar i hjartet av Sunnmørsalpane.
I fjellet: Stig J. Helset på tredjetaulengda av den nydelege Snickers (6, 5. t.l) i sørveggen av Jønshornet, Molladalen. Foto: Kjetil Solbakken
Lesetid: 6 minutter
Oppveksten fann nemleg stad i skogkanten like under sentrumsfjella i Ørsta, med lett tilgang til mykje av naturens gleder. Den gongen på syttitalet var det få reglar og rammer for kva vi gutungane kunne finne på av frileik.
Cowboy- og indianar-krigar med temmeleg skarp ammunisjon var ein del av kvardagen. At vi klatra på store steinar (buldring?) og i høge tre på stendig tynnare greiner etter kvart som vi steig til vers, var det ingen vaksne som brydde seg om – eller visste om.
Det blei jo nokre «susarar» av det, men det gjekk som regel bra, og eg synest det er uheldig at born av i dag blir forhindra i slike opplevingar.
Mitt møte Stig J. Helset
Mitt møte med klatringen er en serie hvor profilerte klatrere, gjerne med noen klatreår på baken, med egne ord forteller om hvordan de begynte å klatre. Forfatteren har full handlefrihet mhp tekst og billedvalg. Tidligere har blant andre Morten Diesen, Anne Grete Nebell, Geir Arne Bore, Odd Roar Wiik Thomas Vekve og Christer Raugland vært i ilden.
Far min, Olav Helset, var ein aktiv fjellmann og klatrar i det vesle klatremiljøet som fanst på Sunnmøre på 50-, 60- og 70-talet. I lag med karar som Dagfinn Hovden, Hallkjell Buset og Arne Randers Heen (som ofte var på vitjing frå Romsdalen), gjorde han mange nye førstekliv i Sunnmørsalpane vinterstid.
Stig_Helset_2.2
Dei var inspirerte av britane som gjorde strandhogg og mange førstebestigningar her på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, og også av austlendingar og ålesundarar, som gjorde stendig meir krevjande førstekliv i Sunnmørsalpane i tida fram mot krigen.
Sjølv var eg så heldig å få vere med far min på fjellturar frå nokså ung barndom, og då eg som niåring for første gong nådde toppen av Saudehornet og fekk sjå det vedunderleg flotte utsynet derifrå, hugsar eg godt at eg tenkte: Dette vil eg ha mykje meir av i livet mitt! Det blei såleis mange, mange skiturar, fotturar og enkle klatreturar i åra som kom, sjølv om det var ein periode mot slutten av tenåra der fotballen (og anna tull) tok merksemda mi litt vekk frå fjella.
Etter å ha vore borte frå Sunnmørsalpane i ein kort periode, blei fjellinteressa igjen vekt til live då eg var tidleg i 20-åra. På slutten av åttitalet hadde det vakse fram eit nytt og nokså stort klatremiljø på Sunnmøre, inspirert av den nye amerikanske klatreteknikken. Tore Lundberg viste veg i dei bratte veggene og pinaklane i Molladalen for ein ny generasjon klatrarar, og dette ville eg vere med på!
Dermed melde eg meg på eit klatrekurs i regi av Sunnmørsk klatreklubb, og vart raskt ein del av gjengen. Utetter 90-talet og tidleg 2000-tal gjekk ettermiddagar med til klatring i stadig nye klatrefelt, medan det i helgene var veggene i Molladalen som var målet.
Etter kvart som eg blei både ein-, to- og trebarnsfar var det lenge vanskeleg å kome seg lengre vekk, men då borna blei større, blei det også klatreturar til andre stader i landet, slik som Romsdalen, Jotunheimen og Lofoten. Dei seinare åra har det også blitt ein heil del turar til Alpane, med bestigningar av fjell som Matterhorn, Weisshorn, Dent Blanc og Schreckhorn. Det som fasinerer meg mest ved Alpane, er dei store dimensjonane, dei veldige brefalla og dei magnifikante fjella. Som alle veit, er dimensjonane endå mykje større i Himalaya, og eg har såleis eit ønskje om kome meg dit ein dag. Himalaya-veteranen Ola Einang har fortalt meg mykje om regionen og gjeve meg gode tips om interessante klatretoppar der. Føremålet er ikkje å bestige 8000-metrar, men å oppleve kulturen, den overveldande naturen og å tilnærme seg eitt eller fleire interessante fjellmassiv i Himalaya.
For meg har det aldri vore viktig å bli verkeleg god til å klatre, det er mangfaldet og breidda av ulike naturopplevingar som ein kan få fjellet som fasinerer meg. I og ved Sunnmørsalpane er naturen tett på, noko som gjer at ein kan få utrulege opplevingar på (bratt) skikøyring, islinjer, alpinisme oppetter egger og vegger og cragging på svaet i ei og same veke (for ikkje å seie same dagen), og eg vil ha med meg alt saman! Trass skiftande ver og føre, har ei kvar årstid og ein kvar dag alltid noko nytt å by på, det er berre fantasien som set grenser.
For nokre år sidan kom den tidlegare omtala og no over 90 år gamle Dagfinn Hovden på banen og ville skrive ei bok om tindekliv i Sunnmørsalpane i eit historisk perspektiv. Han skreiv eit tjukt manus og ville ha hjelp frå fjellmannen og bokreidaren Helge Standal og meg med å få tilrettelagt materialet for publisering, noko som enda med boka «Tindekliv på Sunnmøre» (Iriss Forlag, 2011). Etter kvart som eg las og arbeidde med manuset til Hovden, fekk eg meir og meir interesse for dette historiske perspektivet som far min hadde gjeve meg eit innblikk i oppveksten min. Eg las og las om bestigningane som britane Patchell, Slingsby, Arbuthnot, Oppenheim, Raeburn og Ling hadde gjort i De Sunnmørske Alper (som Emanuel Mohn kalla fjella her i ein artikkel i DNT-årboka frå 1885) mot slutten av 1800-talet og på byrjinga av 1900-talet, og blei stendig meir fasinert, både over sjølve bestigningane og over korleis dei tenkte. Dess meir eg las, dess meir ihuga vart eg på å repetere rutene deira. Først om sommaren, for så å freiste dei om vinteren. På det viset kunne eg både få eit innblikk i korleis pionerane tenkte, samstundes som vi kunne føre den alpine arva eitt steg vidare. Det er noko med at fjella alltid har stått der og framleis står der, medan alt anna endrar seg. Etter fleire mislukka freistnader klarte vi endeleg å klatre den legendariske Slogen frå fjorden-ruta til Raeburn og Ling frå 1903 vinterstid i februar 2014, og då vi stod på toppen, tenkte eg at sirkelen var slutta. Men i morgon kjem det nye klatrarar som vil gjere nye kliv.
I dag arbeider eg som førstelektor ved Høgskulen i Volda, noko som gjev meg ei nokså fleksibel arbeidstid. I Sunnmørsalpane har vi mykje ver og vind og skiftande underlag i fjellet. Fleksibilitet er såleis ein nøkkelfaktor for å få dei verkeleg gode opplevingane i naturen. Det er om å gjere å slå til når pudderet legg seg eller isen festar seg til bergveggene, og eg prøvar å nytte dei sjansane som byr seg. Lange dagar åleine i Sunnmørsalpane med soloering på bratt snø og is med skia på sekken for bratt nedkøyring, er dagar eg likar.
Utdanning: Hovudfag i nordisk frå UiO, ph.d-kandidat ved UiB
Yrke: Førstelektor i norsk språk ved Høgskulen i Volda
Merittar: Ein del førstekliv vinterstid i Sunnmørsalpane, slik som på Giganten, Skårkongen, Midtpillaren på Søre Sætretind, Vestveggen av Hornindalsrokken og Slogen frå fjorden
Beste film: Taxi Driver
Beste bok: Tinder og banditter
Hovudinteresse: Livet i fjellet
Begynte å klatre: 1993
Beste klatrefelt: Nedstefeltet i Austefjorden, Volda.
Flottaste fjelltur: Høgruta i Sunnmørsalpane over Standalhornet, Sætretindane, Kolåstinden, Kjerringa, Vassdalstinden og Saudehornet på ein lang maidag på ski og Sydpillaren på Stetind ein nydeleg sommarkveld
Klatredraum, kortsiktig: Visit Obligatore på Aguille Dibona i Sør-Frankrike til sommaren
Klatredraum, langsiktig: Nirekha Peak, Himalaya.
På dagstur: Det blir ein liten ski- jogge- eller sykkeltur på fjellet iallfall annakvar dag, og ein til to lengre turar i løpet av veka. Får berre ikkje nok av desse opplevingane.
Livet så langt: Tenker å halde fram med det som eg likar best, å vere i fjellet. Aktuell som ein av tre klatrarar på Slogen frå fjorden-ruta vinterstid i den historiske dokumentaren Sunnmøres Alpine Arv av Eirik Vaage og Carl Nesset, som går på NRK1, og har akkurat gitt ut Toppturar i Sunnmørsalpane på Fri Flyt Forlag.
Allerede abonnent?
Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Klatring,
Fri Flyt, Terrengsykkel, UTE, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
12 måneder*
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
3 måneder*
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper. *Forutsetter bindingstid, og fornyes månedlig etter bindingstiden.
Norsk-klatring.no er skrevet av klatrere for klatrere, og formidler det som rører seg i det norske klatremiljøet. På nettsiden finner du grundige utstyrstester, teknikk—og treningsråd og inspirasjon til din neste klatretur.