Mitt møte Stig J. Helset

Mitt møte med klatringen er en serie hvor profilerte klatrere, gjerne med noen klatreår på baken, med egne ord forteller om hvordan de begynte å klatre. Forfatteren har full handlefrihet mhp tekst og billedvalg. Tidligere har blant andre Morten Diesen, Anne Grete Nebell, Geir Arne Bore, Odd Roar Wiik Thomas Vekve og Christer Raugland vært i ilden.

Oppveksten fann nemleg stad i skogkanten like under sentrumsfjella i Ørsta, med lett tilgang til mykje av naturens gleder. Den gongen på syttitalet var det få reglar og rammer for kva vi gutungane kunne finne på av frileik. Cowboy- og indianar-krigar med temmeleg skarp ammunisjon var ein del av kvardagen. At vi klatra på store steinar (buldring?) og i høge tre på stendig tynnare greiner etter kvart som vi steig til vers, var det ingen vaksne som brydde seg om – eller visste om. Det blei jo nokre «susarar» av det, men det gjekk som regel bra, og eg synest det er uheldig at born av i dag blir forhindra i slike opplevingar.