Sluttord fra kreatørene

De to som boltet ruta på Klauva, har sendt oss sine tanker etter at boltene er fjernet.

Sist oppdatert 19. november 2014 kl 08.46
Tore Lundberg leder første taulengde på ruta som nå er fjernet. Foto: Iver Gjelstenli
Tore Lundberg leder første taulengde på ruta som nå er fjernet. Foto: Iver Gjelstenli

Vi har nå mottatt leserinnlegg fra Iver Gjelstenli og Tore Lundberg – de to som boltet ruta på Klauva som nå er fjernet.

«Sluttord frå Tore Lundberg om boltane på Klauva

Del 1: Eg har vore med på å etablere ei  ”trad”-rute på Klauva ved å bruke ein mix av naturlege og bolta sikringar. Ruta er sjølstending og knyt saman rissliner med boltar i blanke parti. Eg leda 4 av 5 taulengder opp til 60m under toppen og plasserte alle sikringsboltar (minus 1) på desse taulengdene på led ved å friklatre og henge frå skyhooks.

Denne måten å lage ruter på er lite brukt i Norge, men det er laga flotte, lange ruter på denne måten i Sveits, Italia, Frankrike, Spania og USA; klatrelitteraturen er klar her.

Eg kjenner til at 'sport' ruter i 'trad' områder er fjerna – med ondt blod som resultat. 

Eg kjenner ikkje til at 'trad' ruter i 'trad' område er fjerna – men har no teke feil før.

Å lage denne ruta (og alle andre ruter) er sjølsagt ei egoistisk handling; eg vil, eg kan og det gjev meg glede! Det einaste edle motivet eg har er å gjere godt handverk.

La ruta stå!

Del 2: Dette var skrive for ei veke sidan. Her kjem eit tillegg, skrive etter at det vart kjent at boltane er fjerna av Sindre Sæther:

No er alle sikringsboltar på nye Klauva ruta fjerna.

Men – ei klaterute er meir enn fysisk manifestasjon; den er også ein ide og ein visjon!

Ruta eksisterer i beste velgåande.

Absolutt siste tankar om denne situasjonen er desse :

Vi lever i svært uvanlege tider; ikkje berre er vi materielt velståande utover ei kvar forestilling – i tillegg kan vi svare 'ja' på sentrale spørsmål om stat og samfunn :

- er vi styrt av lov og er vi like for lova?

- er styreforma av, ved og for folket?

- er personlege rettar (menneskerettar) verna av lov og styresmakt?

Vel og bra, men med rettar følger også plikter!

Prisen kvar og ein av oss må betale er å tåle at andre har rett til ein plass i fellesromet.

Vi må tåle at andre sine meiningar, uttrykk, handlingar og det dei skaper kan provosere, ryste, fornærme og krenke oss så lenge det er innanfor lov og rettspraksis!

Eg ser på fjerning av boltane på ruta vår som ringakt for fundamentet i samfunnsveven!

Tore Lundberg

Sluttord frå Iver Gjelstenli

Eg sluttar meg til det Tore har skrive. Her kjem eit tillegg frå meg:

Vi visste sjølvsagt at det kunne vere kontroversielt då vi klatra den nye mixruta på Klauva 12. september i år, men styrken i kritikken og aggresjonsnivået frå ein del av motstandarane våre er mildt sagt svært overraskande og, må eg innrømme, svært ubehageleg og på grensa for utriveleg. Eg respekterer kritikarane og meiningane deira, men godtar sjølvsagt ikkje verken trugsmål om å fjerne boltane eller handlinga som no gjer at ruta er øydelagt.

Mixrute. Den nye ruta på Klauva følgjer ei ikkje samanhengande risslinje, og er i hovudsak sikra med kilar og kamkilar. Kompakte parti er sikra med boreboltar. Alt er gjort på led.

Mi vurdering: Ei fin rute gjort i god stil. Vi har halde oss til dei to viktigaste prinsippa i det eg oppfattar som god klatreskikk:

1. Ikkje bore der det er mogeleg  å sikre naturleg.

2. Ikkje bore i etablerte ruter. Ruta vår går mellom ”Grahingsten” og ”Draumen om dei kvite hestane”. Den første ruta tangerer vi på eit punkt i nest siste taulengde, men kva er problemet? Dette er ei rute Tore og eg gjekk i 1985, og det er med andre ord ”vår sak”.

Kven skal bestemme? Det undrar meg at Sindre Sæther med støtte frå nokre få andre i klatremiljøet i Romsdal meiner at han/dei har ”rett” til å fjerne boltane på Klauva. Alt tyder på at eit fleirtal i klatremiljøet både lokalt og nasjonalt ikkje er konsekvente og absolutte motstandarar verken av boreboltar i høgfjellet generelt eller av den nye ruta vi har gått på Klauva. På bakgrunn av dette oppfatter eg øydelegginga av ruta og støtte til øydelegging av ruta som både arrogant og udemokratisk.

Forskjell på folk: Mange klatreruter i Romsdal har boreboltar utan at dette har ført til protestar. Dei to første boreboltane eg veit om vart sett av Arne Randers Heen, Adolf Grüner, Hans Lange og Arne Ness (Molde) i 1956. Boltane står der den dag i dag i Halls renne og over Første opptak i Normalvegen på Romsdalshornet. Med andre ord førstebestigarruta fra 1828 og Halls/Soggemoens/Norahagens rute frå 1881. På 1980-talet kom rappelruta i Nordveggen, med andre ord boreboltar i ei rute som vart gått  av den lokale fjellførarveteranen Henning Nygaard frå Isfjorden saman med Tindeklub-medlemene Ola H. Furuseth, Gunnar P. Sabro og Rolf Ødegård i 1920. Andre eksempel på bruk av lokale boreboltar er fleire av rutene i Trollveggen, Halvor Hagens og Kyrre Østbøs legendariske rute ”Suser gjennom Harryland” ved Trollveggen og mange ruter på Hornaksla. Kvifor er alt dette uproblematisk, medan vår nye rute på Klauva måtte øydeleggast? Eg gjer også merksam på at Sunnmørsk Klatreklubb laga rappelrute med limboltar i Molladalen rundt midten av 1980-talet, og at fleire klatreruter i Molladalen har boreboltar som lenker saman usamanhengande risslinjer – akkurat på same måten som på Klauva. Andre døme på bruk av boreboltar i norske klatreruter: Andersnatten, Nissedal, Setesdal, Eresfjord.

NB: Eg understrekar at eg ikkje har noko som helst ønskje om å  fjerne boltane i Normalvegen på Hornet, Suser gjennom Harryland, Hornaksla og alle dei andre stadane som er nemnt ovenafor. Unntaket er rappelruta i Nordveggen, men det har andre årsaker. Som kjent har eg sidan 2009 argumentert for at kombinasjonen rappelrute og klatrerute i Nordveggen er farleg, og at rappelruta derfor bør fjernast/flyttast. Det er påfallande å sjå kontrasten mellom raseriet og sabotasjen mot den nye ruta på Klauva og den likegyldige haldninga og handlingslamminga frå det lokale klatremiljøet til risikonivået i Nordveggen på Hornet!

Hykleri: Kva er så forholdet mellom liv og lære blant kritikarane våre? Folk som er kompromisslause motstandarar av boltane i den nye ruta på Klauva, har tydelegvis ingen problem med å klatre ruter med boreboltar og slå nye boreboltar i høgfjell rundt omkring i verda: Yosemite, Alpane, Trango, Antarktis, Baffin Island…  Eg siterer Marius Morstad og Han Christian Doseth frå den nesten like harde debatten om bruk av kalk (magnesiumkarbonat) tidleg på 1980-talet. Dei hadde denne kommentaren til hissige moralistar som skjelte ut folk som brukte kalk i Norge, men sjølv brukte kalk når dei klatra utanfor landets grenser: ”Det er visst greit å gå på horehus i utlandet…”

Til slutt: Eg oppfordrar Romsdal Tindegruppe om å arrangere eit møte der spørsmålet om bruk av boreboltar i felt og fjell kan drøftast. Vi kan i alle fall ikkje halde fram med å kjefte på kvarandre på Facebook samtidig som nokon av oss lagar nye ruter med innslag av boreboltar og andre kjem etter og fjernar boltane. Det vil vere øydeleggande for klatremiljøet vårt. Vi må snakke saman!

Iver Gjelstenli»

Om du har meninger om ruta og bolting i fjellet generelt, kan du gi din stemme her.

Her kan du stemme på om det var riktig å fjerne ruta

Publisert 18. november 2014 kl 10.25
Sist oppdatert 19. november 2014 kl 08.46
annonse
Relaterte artikler
annonse

Norsk-klatring.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Tore Meirik

Kommersiell leder: Alexander Hagen