Tore Lundberg om den nye ruta

Fra en av førstebestigerne har vi fått utenlandsbrev med hans meninger om ruta på Klauva og diskusjonen rundt

Sist oppdatert 30. oktober 2014 kl 16.46
Tore Lundberg i starten på den nye ruta. Foto: Iver Gjelstenli
Tore Lundberg i starten på den nye ruta. Foto: Iver Gjelstenli

Lundberg er når dette skrives på klatretur i USA. Her er brevet vi mottok fra han:

«Til den det måtte vedkome.

Ei klatrerute er eit åndsverk bevisst plassert i det offentlege rom av skaparane, som den aktuelle ruta på Klauva. Det beste i vestleg kultur frå opplysningstida til vår tid er å tåle det som er plassert i det offentlege rom sjølv om ein er uenig, rysta, sjokkert, fornærma eller krenka. Motivet ein har for å plassere noko i det offentlege rom skal sjølvsagt vere fritt for andre til å disktutere, kritisere og endevende. ”I disapprove of what you say, but I will defend to the death your right to say it” (Fritt etter Voltaire).

Å fjerne noko som krenkar ein, eller kreve det fjerna, er diverre ikkje noko nytt. Med respekt å melde er dette likevel ei haldning som bryt dramatisk med grunnlaget for vår kultur.

At ei klatrerute skal lagast og klatrast ”bottom up” har vore so sjølvsagt at ein ikkje hadda anna ord for det enn ”klatring”. Like før 1980 tok franske klatrarar til å lage ruter ”top down” eller ”rapbolted”, noko som rysta klatremiljøa verda rundt. Ikkje minst i USA. I Ascent skriv Tom Higgins artikkelen ”Traditionalists and tricksters” om dette kultursjokket. Første del av artikkelnamnet har festa seg som omgrepet ”trad”, andre del festa seg ikkje, vi kallar det i dag ”sport”.

Innan ”trad” spelar sikringsmiddel ei underordna rolle, sjå berre på alle ”tradruter” i Tsjekkia, Sveits, Spania, USA med fleire der boreboltar er større eller mindre delar av mixen.

Den aktuelle ruta på Klauva er i denne samanhengen ei ”tradrute”, laga frå bakken og til topps langs ei sjølvstedig linje med naturlege og bolta sikringar plassert på led.

Idyllwild, USA, 24. Oktober 2014

Tore Lundberg»

Her kan du gi din stemme i denne saken.

Publisert 30. oktober 2014 kl 16.46
Sist oppdatert 30. oktober 2014 kl 16.46
annonse
Relaterte artikler
annonse

Norsk-klatring.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Tore Meirik

Kommersiell leder: Alexander Hagen