Klatrarar i si eiga boble?

Det har vore ein underleg haust; den eine forarga monologen etter den andre mot Sigdalbygda sine via ferrataplanar! Er dette vegen til respektfull sameksistens i verdfull natur?

Sist oppdatert 7. desember 2020 kl 07.00
Tore klatrende i Namibia i 2017. Han mener at det må mer dialog til enn monolog vedrørende via ferrata-saken på Andersnatten. Foto: Øystein F. Dahl
Tore klatrende i Namibia i 2017. Han mener at det må mer dialog til enn monolog vedrørende via ferrata-saken på Andersnatten. Foto: Øystein F. Dahl

I Norge har allemannsretten sikra klatraren tilgang til klatreområder frå fjøressteinar til dei høgste tindar.

Så lenge klatraren ikkje vanvører innmark, ryddar skog eller plasserar mykje permanente sikringar i utmark, har grunneigar og klatrar ikkje hatt behov for kontakt.

I lavlandet og lavtliggande fjellområder er der mange klipper veleigna til klatring. Slike klipper er ofte dekt av vegetasjon og for kompakt til naturlege sikringar. Norges klatreforbund har de siste 20 år oppfordra sine medlemsklubbar til å søke samarbeid med grunneigarar om bruk og utvikling av slike klipper til klatring. Enten gjennom ein grunneigaravtale eller andre minnelege ordningar. 

I høgfjellet har klatremiljøa utvist ganske streng sjøljustis. Ein nedarva kodeks for klatrestil (1) og klatreetikk (2) har gjennom 150 år gjeve klatraren ganske klar kompasskurs. Brot på kodeksen fører til klare og tydelege korrigerande reaksjonar - om ikkje alltid formidla på ein verdig måte.

Uansett - steinar, knausar, klipper, veggar og alpine toppar har vore klatraren sin eigen og uforstyrra arena i lang tid. Så ikkje lenger! Folkehelsekampanjar, betre råd og freistande internetdelingar fører stadig fleire ut i naturen, til og med utanfor alfarveg. Fleire driv med klatring, og andre vil ha pirrande opplevingar i organisert regi. Ein industri med vegleiarar og opplevingsbedrifter veks fram. Grunneigarar og bygdelag ser også høve til nye inntekter.

Den internasjonale klatreorganisasjonen, UIAA, har sett denne utviklinga over lang tid, og laga eit sett med råd om korleis klatraren og klatreorganisasjonar kan møte desse utfordringane. Kortversjonen er at klatraren må oppføre seg høvisk og gjennomtenkt, at fastbuande har hevdbunden rett til å drive næring (3), at klatrar og organisasjonar bør samarbeide med alle partar om forvaltning av klatreområda (4). Ein kan kjenne att ideala frå laugsvesen, sportsmanship og kardinaldygdene frå antikken i skriva frå UIAA; forfriskande lesnad!

Så - klatraren er ikkje lenger åleine på bratte steinar, knausar, klipper og veggar, og må finne ein veg for sameksistens med andre aktørar der ute! 

Det skulle ikkje vere så vanskeleg; dialog i staden for monolog, samarbeid om forvaltning av klatreområda, og fokus på eigen klatrestil og klatreetikk!

  1. https://en.m.wikipedia.org/wiki/Rock_climbing#Style,

  2. https://en.m.wikipedia.org/wiki/Rock_climbing#Ethics

  3. https://www.theuiaa.org/documents/declarations/UIAA_Declaration_TyrolDeclaration.pdf

  4. https://www.theuiaa.org/declarations/preservation-of-natural-rock-for-adventure-climbing/

Tore Lundberg

  • Tore Lundberg, født 1957 i Volda

  • Gift, 3 barn, 8 barnebarn, bur på Moltustranda

  • Halvstudert og halvpensjonert IT-nerd

  • Syr retro klatresekkar og vøler fiskarsmåbruket der kona mi vaks opp

Har klatra på klipper høgt, lavt, vidt og breidt sidan ‘73 - mest i Molladalen.

Vore med å utvikle klatreområder på Sunnmøre sidan ‘74, og faktasjekka klatreførarane.

Har budd nokre år i Molde, etablert ruter i Romsdal, og laga 1. Julsundførar.

Besøkt mange av dei internasjonale destinasjonar eg las om i Mountain magazine.

Har klatra fleire av prestisjerutene til heltane frå ‘70- og ‘80-talet; eg er betre enn eg trudde!

Trakka i mange salatar og fått mykje kritikk, men er æresmedlem i Sunnmørsk klatreklubb.

Har sett meg godt inn i klatring sine definerande faktorar - som stil og etikk.

Sit i NTK sin etikkomite.

Publisert 7. desember 2020 kl 07.00
Sist oppdatert 7. desember 2020 kl 07.00
annonse
Relaterte artikler
annonse

Norsk-klatring.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Tore Meirik

Kommersiell leder: Alexander Hagen