Vandrehistorier

Magnhild Havreberg Malmo bor i Lier, men er opprinnelig fra Fortun. Faren hennes, Olav Havreberg var født i 1899 i Sørheim, en liten bygd rett ved Feigefossen på sydsida av Sognefjorden, men arbeidet som lærer i både Fortun og Vigdal.

Historien Fyste mann på Storen er en av flere vandrehistorier Olav skrev ned og som datteren siden samlet i boken Skjemt og alvor i gamle Luster (2010). Ifølge Magnhild skulle en av tantene hennes også ha fortalt den samme historien.  Magnhild trodde poenget med historien ikke var bestigningen av Storen, men kanskje heller å gjøre et moralsk poeng av denne bonden som ombestemte seg med hensyn til å gi bort den beste kua.

Segna fortel at ein av bøndene på Ørheim tok ein snøggtur til Gudbranddalen ein sumar. Han gjekk til fots over Sognefjellet. På vegen attende kom han om kvelden til Turtagrø og fekk overnatta der. Det var fyrste halvdel av juli og det var både fe og folk på stølane. Grytidleg neste morgon var han på beina att og ville fara vidare til Feigedalen. Veret var rett vakkert og Skagastølstindane reiste seg med velde mot himmelen laugande seg i morgonsola.

No heldt foIk denne unge bonden for å vera uvanleg sprek, sterk  var han og dertil ein kalding i ulende og flogfjell. Han hadde vel ein aning om det sjølv og kanskje, for han skulle lika godt a komma til topps på Storen. Denne dagen vart freistinga for stor og han tenkte: No eller aldri! Så tok han på veg opp Skarstølsdalen til Bandet. Derifra tok klivinga til, og etter mykje bal, stod han endeleg på toppen. Eit slikt utsyn hadde han ikkje hatt før, og han tok seg i god stund der oppe.

Les også: Hytta på bandet pusses opp

Les også: Historien om hytta på bandet

Så var det å komma seg ned att, og det vart vanskelegare etter kvart. Til sist gjekk han seg fast. Ikkje var det farande ned eller til sides på nokon kant, og heller ikkje vegen han hadde komme. Der sat han!

Ja, dette var no så ille som det kunne bli. Han tenkte over stillinga. Her var det berre ein som kunne hjelpa. Å be om noko hadde han alltid hatt lite hug til, for han ville vera sjølvhjelpt. Men denne gongen laut han be Gud gje han ei hjelpande hand. Om det kunne gjera mon så skulle han få beste kua hans berre han kom levande frå dette. Då legg han brått merke til at det er feste å få og er farande til sides, og verkeleg, der lukkast det. Han var både takksam og glad da han var komen på godlenda.

Så vandra han utover mot Feigedalen, tenkjande på at han hadde vore på toppen. Men det gnog litt at han måtte ha hjelp. Dertil kom at han hadde vare raus med bergingsløna. Han kunne gjerne vorte berga med mindre og enn den beste kua. Di lenger han kom frå Storen og nærma seg Feigedalen, desto meir vart han einig med seg sjølv om at den beste kua ville han ikkje ofra. Det trong ikkje vera ein vaksen sau heller. Det fekk greia seg med noko som han ikkje leid større tap med å missa. Han kjende seg letta etter denne avgjerda.

LES OGSÅ: Hurr(a)ungene

LES OGSÅ: Mellom Høibakk og berg

Illustrasjon: Julie Gry Sveistrup