Det er oktober. Skodda og nysnøen ligg godt nedover fjellsidene på Turtagrø. Hotellet er stengt for sesongen, og det er folketomt i området, bortsett frå fem store mus som dansar på bordet.

Vi har nemleg innteke steintrappa utanfor hotellet. Målet vårt er ein kombinasjon av eventyr og hygge – slik det bør vere når underteikna har invitert fire gode vener til førtiårsfeiring på Hytta på Bandet, med ein draum om å bestige Store Skagastølstind på vinterføre.