/ Epics

Light is right

Ein kald opplevelse på Mardalsfossen

Sist oppdatert 14. desember 2017 kl 09.20
En kald natt under Mardalsfossen. Illustrasjon: Espen Samuelsen
En kald natt under Mardalsfossen. Illustrasjon: Espen Samuelsen

Mars 2005.
Værmeldingen var god. Stabilt og kaldt vær. Ein telefon til observatøren i Eresfjord gav oss trua på at Mardalsfossen kanskje var klatrebar. Hans ord var: fossen er samanhengende og ganske blass i fargen. Ok, tenkte me og avtalte og møtes klokka 7 ved ferjekaia på Åfarnes neste morgen. Klokka 9 parkerte me bilen og kikket spent mot fossen. Den var blass og ganske kvit i fargen. Det var store mengder snø i fjellet og toppskavelen såg enorm ut. Me antok at den kanskje var 15 til 20 meter høg. Kanskje det var mykje snø blandet inn i isen, eller at den var veldig tørr som gav det karakteristiske blasse utrykket. Alt dette gjorde at me nølte litt og var treige med å komme i gang. Konkluksjonen var at me ville i allefall gå anmarsjen og få sjekket forholda nærmere. Me valgte å ta med ei dunjakke på deling i tilfelle klatring vart aktuelt. Turen inn mot juvet var tung med gjennombrudd til over kneet kvart tredje steg. Då me kom inn i juvet og opp i sida var det hardpakket snø. Fram med stegjern og økser. Det slo meg at dersom det kom snø i løpet av dagen, kunne det verte rasfare på returen. Men sjansen for nedbør var minimal, stabilt klart vær og -15.

Eit par hundre meter frå innsteget stoppa me. Fossen såg jævli ut. 300 meter vertikal is med ein sjuk toppskavel. Men fargen på isen såg bra ut, og etter å ha studert fossen ei stund, såg me ei mulig linje i kaoset av tapper, skrånende ramper og overheng. Og det er rart med det, store skavler vert liksom mindre jo lenger du stirrer på dei. Det var heller ingen skumle lyder å høyre. Klokka var nå blitt 12.

Tida var inne for å ta eit valg. Me bestemte oss for å prøve. Klatringa var variert og fin og isen god der det var vertikalt. Alle ramper og hyller hadde eit psykende papplag oppå isen som krevde forsiktigheit. Vegvalget var også ei utfordring. I løpet av dagen var det sterk vind og det føyka voldsomt til tider. Lite ante eg at denne snøen vart transportert over i lesida og pakket av den sterke vinden. Då me kom opp mot toppskavlen, var det bare å konstatere at den ikkje var mulig å forsere. Heller ikkje ut til sidene. I tillegg minka det raskt på dagslyset.

Me rappelerte ned fossen med abalakovanker og startet på returen. Det begynte å verte halvmørkt og det føyka voldsomt, noko som forverra sikta betraktelig. Sjølv med hodelykt var det vanskelig å danne seg eit klart bilete av snødekket og terrengformasjoner. Returen ut av juvet er eksponert for ras og består av åpne store flanker på 30-50 graders helning avbrutt av korte klippe partier. Nedenfor er eit stup på eit par hundre meter som ender i botnen av fossen.

Etter å ha traversert eit stykke løsna det første flakskredet. Dette var heldigvis ikkje større enn at me ungikk å verte rivne med. Me bestemte oss for å sjå etter muligheiter for å sikre med tau. Tanken var å rappellere eit stykke for så å traversere der det var mest mulig klippe å sjå. Mot slutten av nedfiringa løyste eg ut eit nytt skred og holdt på verte med nedover. Under eit klippeframspring hadde det danna seg ein tunnel mellom snøen og klippa. Me gikk inn her for å vurdere situasjonen. Det var fortsatt eit stykke att ut av juvet.

Elendig sikt og aukande skredfare gjorde at me bestemte oss for å ta natta. Begge visste at dette kom til å verte ei kald natt. Me var kledd for dagstur, ei dunjakke på deling og ein aluminiumsfolie. Temperaturen var –15 og me vår våte. Me satt oss tett sammen oppå sekker og tau, pakka oss inn i folien, la dunjakka over låra og lengta heim. Terje fekk opp ein liten strek på mobilen og klarte å få avgårde ein tekstmelding og forhindra at snøføyka vart forverra av helikopter.

Etter kort tid begynte kroppen å skjelve og eg forsøkte å massere leggene for å holde blodsirkulasjonen gåande i beina. Det tok meg 3 veker å få tilbake følelsen i alle tærne. Kondensering under folien gjorde at me vart endå våtere og duken revna på grunn av begges iherdige massering av legger og lår. Tilslutt var det berre å komme seg på beina og hoppe dei resterande 6 timane til dagslyset kom. På morgenkvisten hadde vinden løya, snødekket stabilisert seg og ikkje minst lyset gjorde at det vart enklare og orientere seg. Resten av turen ned i dalen gjekk greitt.

Denne saken er tidligere publisert i Klatring 70.

Publisert 14. desember 2017 kl 09.20
Sist oppdatert 14. desember 2017 kl 09.20
annonse
Relaterte artikler

Norsk-klatring.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Tore Meirik

Kommersiell leder: Alexander Hagen