Artikkelen handla om nokre nordmenn som hadde klatra dette fjellet i dei sørvestligaste franske alpane. Dei valde ruta Visite Obligatoire, ei fullbolta rute rett opp den imponerande sørveggen. Ruta har vedvarande klatring i eit drøyt dusin bratte taulengder. Det er også fleire andre flotte ruter i sørveggen, dei fleste naturleg sikra. Klatrekjendisen Arnaud Petit beskriv aiguillen i ei bok som «an arrow of uncertain equilibriums» – ganske så treffande.

«Etter dette har profilen av aiguillen vore brennmerka på netthinna og turen dit stått øvst på bøttelista.»

Seinare las eg ein artikkel der ein engelsk klatrar karakteriserer aiguillen som «The Everymans Cerro Torre». Utfordrande klatring på ein bombefast, nesten utanomjordisk gigantisk granittpinakkel trigga meg meir og meir. Etter dette har profilen av aiguillen vore brennmerka på netthinna og turen dit stått øvst på bøttelista. Men eg måtte ha turfølgje og klatreform på plass om det skulle gå!