Alle er på veg heim, utanom oss. Vi har nett starta.

Fem år tidlegare, på kontoret mitt på Høgskulen i Molde: Eg er fersk studentprest, og det bankar på kontordøra mi. Ein ung mann står i døra. Kraftig bygd, muskuløs, og tydeleg utanlandsk utan at eg greier å plassere han. Min første konfident, ein som trur seg til meg. Alt eg har lært vert aktivert og på min beste engelsk inviterer eg han inn og ber han setje seg. Men den unge mannen flyttar seg ikkje ein tomme. Med fast blikk ser han direkte på meg. «I have a problem.» 

Eg ser nok veldig alvorleg ut i mi ferske stilling, og han ser like alvorleg ut. Han seier: «There is no snow.»